1. Samuelsbok 22:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så fór David bort frå Gat og rømde til hola ved Adullam. Då brørne hans og alle dei andre i ætta fekk høyra det, kom dei ned til han der.

2. Og allslags menneske som var komne i naud, alle gjeldbundne og misnøgde, flokka seg om han, og han vart hovdingen deira. Det var om lag fire hundre mann som var med han.

3. Derifrå drog David til Mispe i Moab, og han sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få bu hjå dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»

4. Så lét han dei vera hjå kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.

5. Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje gje deg til i fjellborga lenger. Far bort og kom deg heim til Juda!» Då tok David ut og kom til Haret-skogen.

6. Saul fekk høyra at folk hadde sett David og dei mennene som var med han. Så var det ein dag Saul sat under tamariska på offerhaugen i Gibea med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.

7. Då sa han til mennene som stod der: «Høyr her, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorder og vingardar og setja dykk til hovdingar over fylkingar på tusen og på hundre?

1. Samuelsbok 22