1. Samuelsbok 15:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel.

18. Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei!

19. Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?»

20. Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane.

21. Men folket tok noko småfe og storfe av hærfanget, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»

1. Samuelsbok 15