3. Der var òg Akia, son til Akitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo; det var han som då bar efoden. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.
4. På kvar side av skaret der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.
5. Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt for Mikmas, den andre på sørsida, midt for Geba.
6. Så sa Jonatan til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Herren hjelper oss nok. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»