1. Samuelsbok 10:6-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.

7. Når du ser desse teikna, så gjer berre det som kjem for deg! For Gud er med deg.

8. Far føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og bera fram brennoffer og måltidsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier kva du skal gjera.»

9. Så bad Saul farvel med Samuel og gjekk sin veg. Då gav Gud han eit anna hjarta, og same dagen hende alt det som Samuel hadde varsla.

10. På vegen til Gibea møtte han ein flokk profetar. Då kom Guds Ande over han, og han vart gripen av profetisk glød midt imellom dei.

11. Alle som kjende han frå før, såg at han tala profetisk saman med profetane, og dei sa til kvarandre: «Kva er det som har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»

12. Ein mann der på staden sa: «Kven er då far til desse?» Såleis kom det ordtaket opp: «Er Saul òg mellom profetane?»

13. Då den profetiske gløden hadde sige av Saul, og han kom til offerhaugen i Gibea,

14. sa farbror hans til han og tenestguten hans: «Kvar har de vore?» Han svara: «Vi har vore av og leita etter eselhoppene, og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»

15. Då sa farbroren: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.»

16. Saul svara: «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rettes.» Men det som Samuel hadde sagt om kongedømet, nemnde han ikkje for farbroren.

17. Sidan kalla Samuel folket saman til Herren, i Mispa.

18. Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå egyptarveldet og frå alle dei andre rika som trælka dykk.

19. Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og sagt: Nei, du skal setja ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens åsyn, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein!»

20. Så lét Samuel alle Israels ætter stiga fram, og med loddkasting vart Benjamins-ætta utteken.

21. Så lét han Benjamins-ætta koma fram, grein for grein, og Matri-greina vart utteken. Sidan fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.

22. Då vende dei seg til Herren att og spurde: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg mellom føringsvognene.»

23. Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.

1. Samuelsbok 10