5. de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.
6. Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar.
7. Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.
8. Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord;
9. for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.
10. Denne frelsa var det profetane grunda på og granska, då dei spådde om den nåden de skulle få.
11. Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. Anden vitna om korleis Kristus skulle lida og sidan opphøgjast i herlegdom.
12. Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den Heilage Ande, som er send frå himmelen. Dette er ting som jamvel englar lengtar etter å sjå inn i.
13. Så spenn då beltet om livet, ver budde i hug og tanke og hald dykk vakne! Set dykkar von fullt og fast til den nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.
14. Som lydige born skal de ikkje lenger fylgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.
15. Han som kalla dykk, er heilag; så skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.
16. For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17. De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande.
18. De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane;