1. Peter 1:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia,

2. dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod.Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

3. Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde,

4. til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk,

5. de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.

6. Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar.

7. Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.

8. Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord;

1. Peter 1