21. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet.
22. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine.
23. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.
24. Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han,
25. sa han:«Forbanna vere Kanaan,den ringaste trælen ¬for brørne sine!»