16. Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer.
17. Heile levetida åt Mahalalel vart 895 år. Så døydde han.
18. Då Jared var 162 år, fekk han sonen Enok.
19. Etter at Jared hadde fått Enok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.
20. Heile levetida åt Jared vart 962 år. Så døydde han.
21. Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah.
22. Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer.