1. Mosebok 48:14-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men Israel rette ut høgre handa og la henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste, og venstre handa la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han armane i kross; for Manasse var eldst.

15. Så velsigna han Josef og sa:«Fedrane mine, ¬Abraham og Isak,ferdast for Guds åsyn.Den Gud som var min hyrdingfrå eg vart fødd til denne dag,

16. engelen som løyste meg ut ¬frå alt vondt,han velsigne gutane:I dei skal namnet mitt ¬leva vidare,og namnet åt Abraham og Isak, ¬fedrane mine.Gjev dei må verta mange ¬i landet!»

17. Då Josef såg at faren la høgre handa på hovudet åt Efraim, mislika han det. Han tok handa åt far sin og ville flytta henne frå hovudet hans Efraim bort på hovudet hans Manasse.

1. Mosebok 48