1. Ei tid etter kom dei til Josef og sa: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim.
2. Og Jakob fekk bod om at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde han seg sterk og sette seg opp i senga.
3. Jakob sa til Josef: Gud Den Allmektige synte seg for meg i Lus i Kanaan. Han velsigna meg
4. og sa til meg: «Eg vil la deg veksa og aukast og gjera deg til ei samling med ætter. Og eg vil gje etterkomarane dine dette landet til eige for alle tider.»
5. Dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit til deg, dei skal no vera mine. Efraim og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon.