2. Legg så staupet mitt, sølvstaupet, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa.
3. Morgonen etter, med same det ljosna, fekk mennene fara av stad med esla sine.
4. Men dei var ikkje langt utom byen komne før Josef sa til hushaldaren sin: «Set etter mennene! Og når du tek dei att, skal du seia til dei: Kvifor løner de godt med vondt? Kvifor har de stole sølvstaupet mitt?
5. Er ikkje dette det staupet som herren min drikk av, og som han spår i? Det var ille gjort av dykk!»
6. Då hushaldaren tok dei att, sa han dette til dei.
7. «Kvifor talar du såleis, herre?» spurde dei. «Gud fri tenarane dine frå å gjera noko slikt!