1. Mosebok 43:19-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. «Høyr her, herre,» sa dei, «du veit vi har vore her ein gong før og kjøpt korn.

20. Men då vi kom til den staden der vi skulle vera natta over, og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken. Det var våre eigne pengar, og dei låg der, alle saman. No har vi dei med oss hit att.

21. Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.»

22. Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei.

23. Sidan fylgde mannen dei inn i huset åt Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og lét dei få fôr til esla.

24. Så la dei gåvene til rettes, medan dei venta på at Josef skulle koma heim til middag. For dei hadde høyrt at dei skulle eta der.

1. Mosebok 43