1. Mosebok 4:6-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor stirer du ned for deg?

7. Korleis er det? Har du godt i tankar, kan du lyfta augo. Men har du ikkje godt i tankar, ligg synda framfor døra og lurer. Ho trår etter deg, men du skal halda henne i age.»

8. Sidan sa Kain til Abel, bror sin: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Og medan dei var der ute, rauk Kain på Abel, bror sin, og slo han i hel.

9. Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg vakta bror min?»

10. Då sa Herren: «Kva er det du har gjort? Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jorda!

1. Mosebok 4