1. Mosebok 35:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Jakob reiste ein minnestein der Gud hadde tala med han. Og han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han.

15. Og Jakob kalla den staden der Gud hadde tala med han, Betel.

16. Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fekk Rakel eit barn. Det var ei hard fødsle.

17. Medan ho låg i hardaste riene, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! Denne gongen òg får du ein son.»

18. Med det same ho anda ut – for det kosta henne livet – kalla ho han Ben’oni. Men faren gav han namnet Benjamin.

19. Rakel døydde og vart gravlagd attmed vegen til Efrat, det er Betlehem.

20. Og Jakob reiste ein minnestein på grava hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel, som står der den dag i dag.

21. Så tok Israel ut att og sette opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder.

1. Mosebok 35