17. Så sa han til den fyrste trælen: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv,
18. då skal du seia: Jakob, tenaren din; det er ei gåve han sender til deg, Esau, herren min. Og snart kjem han sjølv etter.»
19. Såleis baud han den andre og den tredje trælen og alle dei andre som fylgde med flokkane, å tala til Esau når dei møtte han:
20. «De skal seia: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidka han med den gåva eg sender føre meg. Sidan vil eg stiga fram for han; kanskje han då tek vel imot meg.»
21. Så fór trælane føre med gåva. Men sjølv vart Jakob verande i leiren om natta.
22. Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to trælkvinnene og dei elleve sønene og gjekk over Jabbok-vadet.
23. Han sette dei over elva, og alt det han åtte, førte han over.
24. No var Jakob åleine att. Då kom det ein mann og stridde med han, heilt til det ljosna av dag.
25. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han til hofta hans, så ho gjekk or led medan dei striddest.
26. Og han sa: «Slepp meg, for no dagast det!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»
27. «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han.
28. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel skal namnet ditt vera. For du har stridt med Gud og menneske og vunne.»
29. Då bad Jakob: «Kjære, sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.
30. Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud åsyn til åsyn og endå berga livet.»
31. Med det same han kom framom Penuel, rann sola. Og han var halt i hofta.