7. Då sa han: «Sola står enno høgt. Det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå så og gjæt!»
8. «Nei,» svara dei, «det kan vi ikkje før alle flokkane er samla, og gjætarane har velt steinen av brunnen. Då skal vi gje småfeet vatn.»
9. Medan han endå stod og tala med dei, kom Rakel med buskapen åt faren; for det var ho som gjætte.
10. Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til Laban, morbror sin, og småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen av brunnen og lét buskapen til morbroren få drikka.
11. Så kyste han Rakel, og gråten tok han.
12. Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og sa dette til far sin.
13. Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane kring han, kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt.
14. Då sa Laban til han: «Sanneleg er vi same folket!» Så vart Jakob verande hjå han ein månads tid
15. Ein dag sa Laban til Jakob: «Du skal då ikkje tena hjå meg for inkje, fordi om du er frenden min. Sei ifrå kva du vil ha i løn!»
16. No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel.
17. Lea hadde milde augo, men Rakel var velskapt og ven.
18. Og Jakob hadde fått Rakel kjær. Difor sa han: «Eg skal tena hjå deg i sju år for Rakel, den yngste dottera di.»
19. Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein framand mann. Ver du hjå meg!»
20. Så tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åra tykte han var som nokre få dagar, så glad var han i henne.