1. Mosebok 28:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Og Jakob hadde lydt far sin og mor si og fare til Mesopotamia.

8. Då Esau skjøna at Isak, far hans, ikkje lika dei kanaaneiske kvinnene,

9. gjekk han til Ismael og tok Mahalat til kone attåt dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.

10. Jakob tok ut frå Be’er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan.

11. Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova.

1. Mosebok 28