44. Ver hjå han ei tid, til harmen har gått av bror din,
45. til vreiden hans har vendt seg frå deg, og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvifor skulle eg missa dykk begge på ein og same dagen?»
46. Rebekka sa til Isak: «Eg er lei av livet for desse hetittkvinnene skuld. Skulle no Jakob òg ta seg ei slik hetittjente til kone, ei av døtrene i landet, kva skal eg då leva for?»