1. Mosebok 27:21-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!»

22. Så gjekk Jakob bort til far sin, og han kjende på han og sa: «Det er målet hans Jakob, men hendene hans Esau.»

23. Isak kjende han ikkje; for hendene hans var lodne som hendene åt Esau, bror hans. Og han velsigna han.

24. Han spurde: «Er du Esau, son min?» «Ja, det er eg,» svara Jakob.

25. «Set fram åt meg,» sa Isak, «og lat meg få eta av viltet du har skote, guten min, så eg kan velsigna deg!» Då sette Jakob det fram for far sin, og han åt. Og han kom med vin til han, og han drakk.

26. Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, guten min!»

27. Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren angen av kleda hans, og han velsigna han og sa:«Kjenn, angen av son miner lik angen av ei engsom Herren har velsigna!

28. Gud gjeve deg dogg ¬frå himmelenog rikeleg med grøde på jorda,korn og vin i mengd!

29. Folkeslag skal tena deg,folk skal falla til fote for deg.Ver herre over dine brør!Sønene åt mor di ¬skal bøya seg for deg!Forbanna vere dei ¬som forbannar deg,og velsigna dei ¬som velsignar deg!»

30. Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han var berre så vidt komen ut frå far sin – då kom Esau, bror hans, heim att frå jakta.

31. Han òg laga ein god rett og bar inn til far sin. «Far,» sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!»

32. «Kven er du?» spurde Isak. Han svara: «Eg er Esau, eldste son din.»

33. Då vart Isak så forfærd at han skalv, og han sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.»

34. Då Esau høyrde dei orda av far sin, sette han i eit høgt og hjarteskjerande skrik og sa: «Velsigna meg òg, far!»

35. Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga som du skulle ha.»

36. Då sa Esau: «Med rette har han fått namnet Jakob; for no har han lurt meg to gonger. Fyrst tok han odelen min, og no har han teke velsigninga med.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»

37. Då tok Isak til ords og sa til Esau: «Eg har sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til trælane hans. Med korn og vin har eg sytt for han. Kva kan eg så gjera for deg, son min?»

38. Esau svara: «Har du berre denne eine velsigninga, far? Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.

1. Mosebok 27