1. Mosebok 24:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min!

7. Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der.

8. Men vil ikkje jenta fylgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Far berre ikkje dit att med son min!»

9. Då la trælen handa si i fanget åt Abraham, herren sin, og svor på det.

10. Så tok han ti av kamelane åt husbonden sin og gav seg i veg, og alle slag gilde ting hadde han med frå herren sin. Han tok ut og kom til Mesopotamia, til byen der Nakor budde.

11. Han lét kamelane leggja seg ned attmed ein brunn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tid kvinnene plar gå ut og henta vatn.

12. Og han bad: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, lat det lukkast for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min!

13. No står eg her attmed kjelda medan dei unge jentene i byen kjem ut etter vatn.

14. Seier eg til ei jente: Halla på krukka di, så eg får drikka! og ho svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg òg gje vatn – lat det då vera henne du har etla til Isak, tenaren din! På det skal eg skjøna at du har gjort vel mot husbonden min.»

15. Før han var ferdig med bøna, bar det så til at Rebekka, dotter til Betuel, kom ut med ei krukke på aksla. Betuel var son til Milka og Nakor, bror åt Abraham.

16. Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda og fylte krukka. Då ho kom opp att,

17. sprang trælen imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!»

1. Mosebok 24