55. Men bror til Rebekka og mor hennar sa: «Lat jenta vera hjå oss ei tid, ti dagar eller så! Sidan kan ho fara.»
56. Då svara han: «Heft meg ikkje, no når Herren har late ferda mi lukkast! Lat meg få ta i veg og fara heim att til husbonden min!»
57. Dei sa: «Vi skal ropa på jenta og spørja henne sjølv.»
58. Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du fara med denne mannen?» Ho svara: «Ja, det vil eg.»
59. Då lét dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar fara saman med trælen åt Abraham og mennene hans.
60. Dei velsigna Rebekka og sa til henne:«Kjære syster, gjev du må vertatil tusen gonger titusen!Gjev dine etterkomarar må taborgene frå sine fiendar!»
61. Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde.
62. Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro’i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen.