1. Mosebok 23:10-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. No sat Efron der mellom hetittane; og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:

11. «Nei, høyr her, herre! Eg gjev deg jordstykket og hola som er der. For augo på landsmennene mine lèt eg deg få henne. Gravlegg den døde kona di!»

12. Då bøygde Abraham seg for folket i landet

13. og sa til Efron, så landsmennene hans høyrde det: «Gjev du ville høyra på meg! Eg betaler deg det som jordet er verdt. Ta imot pengane av meg! Så vil eg gravleggja kona mi der.»

1. Mosebok 23