1. Mosebok 23:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sara vart 127 år gamal; det var levetida hennar.

2. Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron, i Kanaan. Og Abraham gjekk inn og syrgde og gret over Sara.

3. Sidan reiste han seg, gjekk bort frå den døde kona si og sa til hetittane:

4. «Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.»

5. Hetittane svara Abraham:

6. «Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.»

7. Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet,

1. Mosebok 23