1. Mosebok 22:18-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.»

19. Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

20. Ei tid etter at dette hadde hendt, kom det ein og sa til Abraham: Milka og Nakor, bror din, har òg fått søner:

21. Us, som er eldst, Bus, bror hans, Kemuel, far til Aram,

22. Kesed, Haso, Pildasj, Jidlaf og Betuel.

23. Betuel var far til Rebekka. Desse åtte sønene fekk Nakor, bror til Abraham, med Milka.

24. Fylgjekona hans, som heitte Re’uma, fekk òg born: Tebah, Gaham, Tahasj og Ma’aka.

1. Mosebok 22