7. Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.
8. Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt.
9. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.
10. Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner.
11. Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull.
12. Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol.
13. Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia.
14. Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
15. Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen.
16. Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen.
17. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»