1. Mosebok 2:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær.

2. Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette.

3. Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte.

4. Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte.På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen,

5. fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka.

6. Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka.

7. Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.

8. Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt.

9. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.

10. Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner.

11. Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull.

12. Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol.

13. Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia.

14. Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.

1. Mosebok 2