8. Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.»
9. Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled.
10. Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast.
11. De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.
12. I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt.