23. Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24. På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.
25. Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.
26. Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med.
27. Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.
28. Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.
29. Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen.