19. Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.
20. Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han.
21. Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra.
22. Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23. Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24. På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.
25. Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.
26. Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med.
27. Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.
28. Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.
29. Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen.
30. Men det var nokre av prestane som laga salve av balsamen.
31. Mattitja, ein av levittane, eldste son til Sjallum av Korah-ætta, var tiltrudd å ta seg av bakverket.