1. Krønikebok 9:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, ein av Merari-sønene,

15. og Bakbakkar, Heresj, Galal og Mattanja, son til Mika, son til Sikri, son til Asaf,

16. og Obadja, son til Sjemaja, son til Galal, son til Jedutun, og Berekja, son til Asa, son til Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-mennene.

17. Portvaktarane var: Sjallum, Akkub, Talmon, Akiman og brørne deira; Sjallum var den øvste av dei.

18. Dei står framleis ved Kongeporten, på austsida. Det er dei som held vakt i levittleirane.

19. Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.

20. Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han.

21. Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra.

22. Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.

23. Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.

24. På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.

1. Krønikebok 9