1. Krønikebok 7:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Til kvar ætt høyrde, etter ættelistene deira, flokkar av krigarar, trettiseks tusen; for dei hadde mange koner og born.

5. Brørne deira i alle Jissakars-ættene var òg djerve krigarar. I alt stod det åttisju tusen mann i ættelistene deira.

6. Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.

7. Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i talet. Dei var ættehovdingar og djerve krigarar. I ættelistene deira stod det tjueto tusen og trettifire mann.

8. Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker.

1. Krønikebok 7