47. son til Makli, son til Musji, son til Merari, som var son til Levi.
48. Dei andre levittane, brørne deira, var sette til å gjera allslags arbeid i huset som er Guds bustad.
49. Men Aron og sønene hans var det som bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Berre dei skulle tena i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt.
50. Dette var etterkomarane etter Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua,
51. hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serakja,
52. hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Akitub,
53. hans son Sadok, hans son Akima’as.
54. Dette er bustadene åt levittane, teltbyane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Fyrst vart det kasta lodd for Arons-sønene av Kehat-ætta,
55. og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring.
56. Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne.
57. Såleis fekk Arons-sønene fristadene Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker,
58. Hilen og Debir med beitemarker,
59. Asjan og Bet-Sjemesj med beitemarker,
60. og frå Benjamins-ætta Geba, Alemet og Anatot med beitemarker. Det var i alt tretten byar, og kvar ætt fekk sin by.
61. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims-ætta, Dans-ætta og halve Manasse-ætta.
62. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan.