1. Krønikebok 4:25-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma.

26. Sønene til Misjma var Hammuel, Sakkur og Sjimi.

27. Sjimi hadde seksten søner og seks døtrer. Men brørne hans hadde ikkje mange søner. Difor auka ikkje ætta deira så mykje som Juda-sønene.

28. Dei budde i Be’er-Sjeba, Molada og Hasar-Sjual,

29. i Bilha, Esem og Tolad,

30. i Betuel, Horma og Siklag,

31. i Bet-Markabot, Hasar-Susim, Bet-Biri og Sja’arajim – desse byane hadde dei heilt til David vart konge –

32. og i landsbyane som høyrde til, i Etam, Ajin, Rimmon, Token og Asjan, fem byar i alt,

33. og i alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’al. Dette var bustadene deira, og dei hadde si eiga ætteliste.

34. Mesjobab, Jamlek og Josja, son til Amasja,

35. Joel og Jehu, son til Josjibja, som var son til Seraja Asielsson,

36. Eljoenai, Ja’akoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja,

37. og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri Sjemajason

38. – alle desse som her er nemnde med namn, var hovdingar i ættene sine, og ættgreinene deira breidde seg sterkt.

39. Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt.

40. Og dei fann beite som var grasrikt og godt. Landet var romsleg og vidt, og det var stilt og roleg. Dei som budde der før, høyrde Kams-ætta til.

41. På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn. Dei gjekk laus på Kams-folka og meunittane som dei fann der, og bannstøytte dei. Så busette dei seg i landet, og har butt der til denne dag; for der var det beite for sauene deira.

42. Sidan drog fem hundre av Simeons-sønene til Se’ir-fjella. Leiarar på ferda var Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.

43. Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har butt der til denne dag.

1. Krønikebok 4