1. Krønikebok 4:19-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Kona til Hodia, som var syster hans Naham, hadde desse sønene: far til Ke’ila frå Garem og Esjtemoa frå Ma’aka.

20. Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.

21. Etterkomarane etter Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei ættene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,

22. Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde hatt eigedomar i Moab, men var komne heim att til Betlehem – etter gamle segner.

23. Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta’im og Gedera. Der heldt dei til hjå kongen og var i teneste hjå han.

24. Sønene til Simeon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul.

25. Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma.

1. Krønikebok 4