1. Sønene til Juda var Peres, Hesron, Karmi, Hur og Sjobal.
2. Reaja, son til Sjobal, fekk sonen Jahat, og Jahat fekk sønene Ahumai og Lahad. Det var Sora-ættene.
3. Dette er sønene til Etam: Jisre’el, Jisjma og Jidbasj – dei hadde ei syster som heitte Haslelponi –
4. Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, eldste son hennar Efrata og far til Betlehem.
5. Asjkur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Na’ara.
6. Med Na’ara fekk han sønene Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari. Dette var sønene til Na’ara.
7. Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.
8. Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum.
9. Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho.
10. Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad.
11. Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.
12. Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.
13. Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.
14. Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.
15. Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na’am, og son til Ela var Kenas.
16. Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.
17. Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa.