1. Krønikebok 29:21-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Morgonen etter bar dei fram slaktoffer for Herren og ofra brennoffer til han: tusen oksar, tusen verar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrde til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.

22. Den dagen åt og drakk dei for Herrens åsyn med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.

23. Så vart Salomo konge etter David, far sin, og sette seg på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han.

24. Alle hovdingane og kjempene og like eins alle sønene til kong David hylla kong Salomo.

25. Heile Israel såg korleis Herren gjorde Salomo stor og mektig og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel før han hadde hatt.

26. David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.

27. Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.

28. Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han.

29. Det som er å fortelja om kong David, frå fyrst til sist, det står skrive i årboka åt sjåaren Samuel, i årboka åt profeten Natan og i årboka åt sjåaren Gad.

30. Der er det òg fortalt om heile hans styre og alle hans storverk og om det som i hans tid kom over han og Israel og alle andre land og rike.

1. Krønikebok 29