17. Eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og har hugnad i ein ærleg hug. Av ærleg hjarta og fri vilje har eg gjeve deg alt dette. Og med glede har eg no sett korleis folket ditt, som her er til stades, viljug kjem til deg med gåvene sine.
18. Herre, du Gud åt Abraham, Isak og Israel, fedrane våre! Lat det alltid røra seg slike tankar i folket ditt, og vend hjarta deira til deg!
19. Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta, så han held seg etter boda og lovene og føresegnene dine, fullfører verket og reiser det staselege byggverket som eg har samla tilfang til.»
20. Sidan sa David til alle som var samla: «Lova Herren dykkar Gud!» Og heile møtelyden lova Herren, sin fedregud. Dei la seg på kne og bøygde seg til jorda for Herren og for kongen.
21. Morgonen etter bar dei fram slaktoffer for Herren og ofra brennoffer til han: tusen oksar, tusen verar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrde til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.
22. Den dagen åt og drakk dei for Herrens åsyn med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.
23. Så vart Salomo konge etter David, far sin, og sette seg på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han.
24. Alle hovdingane og kjempene og like eins alle sønene til kong David hylla kong Salomo.
25. Heile Israel såg korleis Herren gjorde Salomo stor og mektig og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel før han hadde hatt.
26. David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.
27. Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
28. Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han.
29. Det som er å fortelja om kong David, frå fyrst til sist, det står skrive i årboka åt sjåaren Samuel, i årboka åt profeten Natan og i årboka åt sjåaren Gad.
30. Der er det òg fortalt om heile hans styre og alle hans storverk og om det som i hans tid kom over han og Israel og alle andre land og rike.