1. Krønikebok 29:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan sa kong David til alle som hadde samla seg der: «Salomo, son min, den einaste som Gud har valt ut, er ung og veik, og arbeidet er stort. For dette staselege byggverket skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud.

2. Så har eg etter beste evne drege i hop vyrke til huset åt min Gud: gull til det som skal vera av gull, sølv til det som skal vera av sølv, bronse til det som skal vera av bronse, jern til det som skal vera av jern, og tre til det som skal vera av tre. Og eg har samla karneol og steinar til innfelling, turkis og mosaikksteinar, allslags dyre steinar, og marmorheller i mengd.

3. Og av di Guds hus er meg så kjært, vil eg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til bygningen, forutan alt det eg har samla til det heilage huset,

4. tre tusen talentar gull, gull frå Ofir, og sju tusen talentar reinsa sølv til å kle veggene i templet med.

5. Så vert det gull og sølv til det som skal vera av gull og sølv, til alt arbeid som skal gjerast av kunstnarhand. Kven er no viljug til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren i dag?»

6. Då kom dei viljug med gåver, både hovdingane for ættgreinene og Israels ættehovdingar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og dei som hadde tilsyn med det arbeidet som vart gjort for kongen.

7. Fem tusen talentar og ti tusen dareikar gull, ti tusen talentar sølv, atten tusen talentar bronse og hundre tusen talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.

8. Og dei som åtte dyre steinar, gav dei til skatten i Herrens hus, som Jehiel av Gersjon-ætta hadde tilsyn med.

9. Folket gledde seg over at alle gav så viljug. For med heil hug og av fri vilje kom dei til Herren med gåvene sine. Kong David òg var storglad for det.

10. Og David lova Herren framfor alle som var samla, og sa: «Lova vere du, Herre, du Gud åt Israel, far vår, frå æve til æve!

11. Deg, Herre, høyrer stordomen til og makta, æra, høgda og herlegdomen, ja, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd over alt og har alt i di makt.

12. Rikdom og ære kjem frå deg, og du rår over alle ting. I di hand er kraft og styrke, og du har makt til å gjera alt stort og sterkt.

13. Så takkar vi deg no, vår Gud, og prisar ditt herlege namn.

1. Krønikebok 29