1. Krønikebok 27:6-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Denne Benaja var ei kjempe mellom dei tretti hovdingane og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i flokken hans.

7. Den fjerde hærføraren, han som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

8. Den femte, han som gjorde teneste i den femte månaden, var Sjamhut, ein hærførar av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

9. Den sjette, han som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

10. Den sjuande, han som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelet, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

11. Den åttande, han som gjorde teneste i den åttande månaden, var Sibbekai, ein av Serah-sønene av Husja-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

12. Den niande, han som gjorde teneste i den niande månaden, var Abieser frå Anatot, av Benjamins-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

13. Den tiande, han som gjorde teneste i den tiande månaden, var Mahrai frå Netofa, av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

14. Den ellevte, han som gjorde teneste i den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

15. Den tolvte, han som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

16. Hovdingane for Israels-ættene var: for Rubens-sønene Elieser, son til Sikri; for Simeons-sønene Sjefatja, son til Ma’aka;

17. for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok;

18. for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael;

19. for Sebulon Jisjmaja, son til Obadja; for Naftali Jerimot, son til Asriel;

20. for Efraims-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-ætta Joel, son til Pedaja;

21. for den andre halvparten av Manasse-ætta, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Ja’asiel, son til Abner;

22. for Dan Asarel, son til Jeroham. Dette var hovdingane for Israels-ættene.

23. David tok ikkje tal på dei som var under tjue år. For Herren hadde sagt at han ville gjera israelittane talrike som stjernene på himmelen.

24. Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje. Difor kom Guds vreide over Israel, og talet vart ikkje oppskrive i årbøkene åt kong David.

25. Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn.

26. Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda.

1. Krønikebok 27