15. Den tolvte, han som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
16. Hovdingane for Israels-ættene var: for Rubens-sønene Elieser, son til Sikri; for Simeons-sønene Sjefatja, son til Ma’aka;
17. for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok;
18. for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael;
19. for Sebulon Jisjmaja, son til Obadja; for Naftali Jerimot, son til Asriel;
20. for Efraims-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-ætta Joel, son til Pedaja;
21. for den andre halvparten av Manasse-ætta, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Ja’asiel, son til Abner;
22. for Dan Asarel, son til Jeroham. Dette var hovdingane for Israels-ættene.
23. David tok ikkje tal på dei som var under tjue år. For Herren hadde sagt at han ville gjera israelittane talrike som stjernene på himmelen.
24. Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje. Difor kom Guds vreide over Israel, og talet vart ikkje oppskrive i årbøkene åt kong David.
25. Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn.
26. Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda.
27. Sjimi frå Rama såg til med vingardane og Sabdi frå Sjefam med vinlagera i vingardane.
28. Ba’al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oliventrea og morbærtrea i Sjefela og Joasj med oljelagera.
29. Sjitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, med storfeet i dalane,