1. Krønikebok 26:6-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i ætta si; for dei var dugande menn.

7. Dette er sønene til Sjemaja: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.

8. Alle desse var ætta frå Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn, som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom sekstito etterkomarar.

9. Mesjelemja hadde òg søner og brør, dugande menn, atten i talet.

10. Hosa, som høyrde Merari-ætta til, hadde desse sønene: Sjimri, som var hovding; han var ikkje den eldste, men faren sette han likevel til hovding;

11. den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.

12. Desse skifta av portvaktarar, hovdingane så vel som brørne deira, var det som skulle gjera vaktteneste i Herrens hus.

13. Dei kasta lodd om kvar einskild port, ættgrein for ættgrein, den minste som den største.

14. Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.

15. Obed-Edom fekk sørporten og sønene hans lagerromet.

16. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleketporten, der hovudvegen går oppover. Såleis kom den eine vaktposten til å stå etter den andre.

17. På austsida stod seks levittar, på nordsida fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerhuset to og to.

18. Ved den opne plassen i vest stod fire attmed vegen og to attmed sjølve plassen.

19. Dette var skifta av portvaktarar, som var ætta frå Korah og Merari.

1. Krønikebok 26