1. Krønikebok 26:26-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Denne Sjelomot og brørne hans hadde tilsyn med skattane som var vigde til Herren, dei heilage gåvene som dei hadde gjeve, både kong David og ættehovdingane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane.

27. Av det hærfanget dei tok i krigen, hadde dei vigt noko, så Herrens hus kunne haldast i stand.

28. Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde vigt – alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

29. Av Jishar-ætta vart Kenanja og sønene hans sette til å ta seg av dei verdslege gjeremåla i Israel; dei skulle vera tilsynsmenn og domarar.

1. Krønikebok 26