1. Krønikebok 26:12-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Desse skifta av portvaktarar, hovdingane så vel som brørne deira, var det som skulle gjera vaktteneste i Herrens hus.

13. Dei kasta lodd om kvar einskild port, ættgrein for ættgrein, den minste som den største.

14. Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.

15. Obed-Edom fekk sørporten og sønene hans lagerromet.

16. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleketporten, der hovudvegen går oppover. Såleis kom den eine vaktposten til å stå etter den andre.

17. På austsida stod seks levittar, på nordsida fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerhuset to og to.

18. Ved den opne plassen i vest stod fire attmed vegen og to attmed sjølve plassen.

19. Dette var skifta av portvaktarar, som var ætta frå Korah og Merari.

20. Nokre av levittane, brørne til portvaktarane, hadde tilsyn med skattane i Guds hus og med dei gåvene som var vigde til Herren.

21. Til Ladan-sønene, etterkomarane etter Gersjon-sønene gjennom Ladan, høyrde Jehiel-sønene; dei var hovdingar i ættgreinene åt Ladan.

22. To av dei, Setam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattane i Herrens hus.

23. Andre høyrde Amram-, Jishar-, Hebron- og Ussiel-sønene til.

24. Mellom dei var Sjubael, son til Gersjom, son til Moses; han var øvste tilsynsmannen over skattane.

25. Frendane hans av Elieser-ætta var Rehabja, son til Elieser, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.

26. Denne Sjelomot og brørne hans hadde tilsyn med skattane som var vigde til Herren, dei heilage gåvene som dei hadde gjeve, både kong David og ættehovdingane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane.

27. Av det hærfanget dei tok i krigen, hadde dei vigt noko, så Herrens hus kunne haldast i stand.

28. Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde vigt – alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

1. Krønikebok 26