1. Portvaktarane var òg inndelte i skift. Til Korah-sønene høyrde Mesjelemja, son til Kore, av Asaf-ætta.
2. Mesjelemja hadde desse sønene: Sakarja var den eldste, Jediael den andre, Sebadja den tredje, Jatniel den fjerde,
3. Elam den femte, Johanan den sjette og Eljoenai den sjuande.
4. Obed-Edom hadde desse sønene: Sjemaja var den eldste, Josabad den andre, Joah den tredje, Sakar den fjerde, Netanel den femte,
5. Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han.
6. Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i ætta si; for dei var dugande menn.
7. Dette er sønene til Sjemaja: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.
8. Alle desse var ætta frå Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn, som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom sekstito etterkomarar.
9. Mesjelemja hadde òg søner og brør, dugande menn, atten i talet.
10. Hosa, som høyrde Merari-ætta til, hadde desse sønene: Sjimri, som var hovding; han var ikkje den eldste, men faren sette han likevel til hovding;
11. den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.
12. Desse skifta av portvaktarar, hovdingane så vel som brørne deira, var det som skulle gjera vaktteneste i Herrens hus.