1. Krønikebok 2:1-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er sønene til Israel: Ruben, Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon,

2. Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.

3. Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Men Herren mislika Er, eldste son til Juda, og han laga det så at han døydde.

4. Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner.

5. Sønene til Peres var Hesron og Hamul.

6. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Darda; dei var i alt fem.

7. Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han fór med svik og tok av det som var bannlyst.

8. Etan hadde sonen Asarja.

9. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerakme’el, Ram og Kelubai.

10. Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Naksjon, som var hovding for Juda-sønene.

11. Naksjon fekk sonen Salma, og Salma vart far til Boas.

12. Boas fekk sonen Obed, og Obed vart far til Isai.

13. Isai fekk sju søner. Den fyrste var Eliab, den andre Abinadab, den tredje Sjima,

14. den fjerde Netanel, den femte Raddai,

15. den sjette Osem og den sjuande David.

16. Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.

17. Abigajil fekk sonen Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.

18. Kaleb, son til Hesron, fekk med Asuba, kona si, dottera Jeriot og desse sønene: Jesjer, Sjobab og Ardon.

1. Krønikebok 2