9. Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir, og valdsmenn skal ikkje herja dei som i gamle dagar.
10. Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men eg tvinga alle fiendane dine under deg. Og no forkynner eg deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.
11. Når tida di er ute, og du fer til fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp ein som er av di eiga ætt, ein av sønene dine, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.
12. Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.
13. Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.
14. Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.»
15. Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
16. Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mi ætt, sidan du har ført meg til denne dag?
17. Og endå var dette for lite for deg, Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Og du ser på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.
18. Kva meir skal David seia til deg om den æra du har vist meg? Du kjenner då tenaren din.
19. Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.
20. Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.
21. Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt – eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Med storverk og under skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut or Egypt.