1. Krønikebok 12:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Av Gads-sønene gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i øydemarka, djerve krigarar, stridsvane kjemper, væpna med skjold og spyd. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella.

9. Den fyrste var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab,

10. den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia,

11. den sjette Attai, den sjuande Eliel,

12. den åttande Johanan, den niande Elsabad,

13. den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai.

14. Desse høyrde Gads-sønene til og var hovdingar i hæren, den ringaste over hundre, den gjævaste over tusen.

15. Det var dei som gjekk over Jordan i den fyrste månaden, då elva flødde over sine bredder, og dreiv alle som budde i dalen, på flukt, somme austover og somme vestover.

1. Krønikebok 12