1. Krønikebok 11:6-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding.

7. David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davids-byen.

8. Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og utover. Og Joab bygde opp att resten av byen.

9. Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.

10. Dette er dei fremste av krigarane til David. Saman med heile Israel gav dei kongedømet hans sterk støtte, så dei fekk gjort han til konge etter Herrens ord om Israel.

11. Vi skal no rekna opp krigarane til David: Fyrst var det Jasjobam av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong.

12. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ei av dei tre kjempene.

13. Han var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid. Det var ein tett byggåker der, og då folket rømde for filistarane,

14. gjekk Elasar midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.

15. Ein gong fór tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.

16. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.

17. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»

18. Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn

19. og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.

20. Så var det Absjai, bror til Joab; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

21. Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.

1. Krønikebok 11