1. Krønikebok 10:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.

2. Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.

3. Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart såra.

4. Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og fara ill med meg.» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det.

5. Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og døydde.

6. Såleis døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.

7. Då alle israelittane som budde nede på sletta, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.

1. Krønikebok 10