5. Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande.
6. Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod.
7. Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så.
8. Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei vert verande som eg.
9. Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.
10. Dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin.
11. Men om ho skil seg, skal ho leva ugift, eller semjast med mannen. Og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.
12. Til dei andre seier eg – dette er mine ord, ikkje Herrens: Om ein kristen bror har ei vantruande kone, og ho samtykkjer i å bu saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.
13. Og om ei kone har ein vantruande mann, og han samtykkjer i å bu saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.
14. For den vantruande mannen vert helga ved kona, og den vantruande kona vert helga ved mannen fordi han er ein kristen bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.
15. Men vil den vantruande skilja seg, så lat han gjera det. I slike høve er ikkje ein kristen mann eller ei kristen kone bundne. Gud har kalla oss til fred.
16. For kva veit du, kone, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?
17. Elles bør kvar og ein halda fram der Herren har sett han i livet, der han var då Gud kalla han. Denne føresegna gjev eg i alle kyrkjelydane.
18. Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje gjera noko med det. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera.